Publisert 02.12.2020

Kraftsituasjonen veke 48, 2020

Høgaste kraftproduksjonen hittil i år 

Kaldare vêr bidrog til ein auke i kraftforbruket i Noreg førre veke. Saman med ei halvering av vindkraftproduksjonen i Norden frå veka før og særs høg magasinfylling bidrog dette til ein betrakteleg auke i den norske vasskraftproduksjonen. Den samla norske kraftproduksjonen i veke 48 var den høgaste over ei veke hittil i år (førebels tal) . Sidan produksjonen auka meir enn forbruket, vart norsk nettoeksport høgare enn veka før. Meir tilgjengeleg overføringskapasitet mellom Aust-Noreg og Sør-Sverige grunna ferdigstilt vedlikehaldsarbeid bidrog til denne utviklinga.

Kraftprisane gjekk opp i heile Norden førre veke. Den gjennomsnittlege norske kraftprisen var 6,9 øre/kWh i veke 48, ein auke på 5 øre/kWh frå veka før. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48, 2020 her

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no