Kraftsituasjonen veke 48, 2019 - NVE

Lågare temperaturar og auka forbruk

Mot slutten av førre veke vart temperaturane lågare over heile landet. Dette bidrog til ei auke i forbruket. Trass i at produksjonen auka i enda større grad, fekk vi høgare kraftprisar i heile landet. Noreg hadde nettoeksport førre veke.

Onsdag førre veke hende det ein feil i ein transformator på Skagerrak I. Dette førde til ein reduksjon i overføringskapasiteten frå Noreg til Danmark. Det var redusert overføringskapasitet på kabelen ut uka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2019 (PDF)