Kraftsituasjonen veke 41, 2020 - NVE

Enda ein vekesrekord i eksport av kraft

Det har vore særs høg nettoeksport av kraft ut frå Noreg fleire veker i rad og i førre veke nådde eksporten enno ein ny vekesrekord dette året. Foreløpige tal viser at total nettoeksport over veka var på 772 GWh, noko som svarde til at Noreg utnytta så og si all tilgjengeleg eksportkapasitet. Mykje kraftproduksjon grunna den historisk høge magasinfyllinga er ein viktig årsak til den høge eksporten.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på om lag 9,6 øre/kWh førre veke. Prisen auka jamt gjennom veka, og stigninga var aller størst i Sør- og Vest-Noreg. Der auka prisen frå 5,3 øre/kWh på måndag til 17,8 øre/kWh på søndag. Varslar om tørrare og kaldare vêr medverka til auka i pris. Trass høgare kraftpris, var den gjennomsnittlege vekesprisen enda klart lågare enn på same tid i fjor.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2020 her