Kraftsituasjonen veke 40, 2020 - NVE

Rekordhøg magasinfylling

Førre veke var magasinfyllinga i Noreg på 94,3 prosent, noko som er 1,5 prosentpoeng over historisk maksimum for veke 40. Ein god hydrologisk balanse sørger for å holde prisane i Noreg låge. Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg i veke 40 var på 3,16 øre/kWh, noko som var ein reduksjon på 31 prosent frå veke 39. Prisane i dei ulike prisområda i Noreg var relativt like førre veke samanlikna med veka før. Dette har si årsak i at en del planlagt vedlikehald var ferdig og i at overføringskapasiteten mellom prisområda i Noreg og mot Sverige auka.

Noreg eksporterte mykje kraft førre veke, men på søndag sank eksporten. Dette hang saman med høg vindkraftproduksjon i dei nordiske landa og på kontinentet som gav låge kraftprisar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 her.