Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 22.09.2021

Kraftsituasjonen veke 37, 2021

Hydrologi og gassprisar driv opp kraftprisane

Tørt vêr og auka kraftforbruk bidrog til at ressurssituasjonen i Noreg svekka seg ytterlegare frå veke 36 til veke 37. Ved utgangen av veke 37 låg den norske magasinfyllinga 20 prosentpoeng under median. I dei tre sørlegaste prisområda ligg no magasinfyllinga nært eller under historisk minimum for årstida.

Utviklinga i den hydrologiske situasjonen, kombinert med aukande brensel- og -kvoteprisar har bidrog til at den gjennomsnittlege vekeprisen sør i Noreg (NO1, NO2, NO5) auka for sjuande veke på rad. I veke 37 var den gjennomsnittlege kraftprisen på 113 øre/kWh i dei tre sørlegaste områda. Dette er den høgaste vekeprisen vi har hatt i sørlege Noreg nokon sinne.

Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) auka òg i førre veke, men ligg framleis under prisane i resten av Norden. I desse områda var gjennomsnittleg kraftpris høvesvis 60 og 56 øre/kWh i veke 37.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 2021 (PDF).

Kontaktperson

Seniorrådgiver Henriette Birkelund

Epost: henb@nve.no