Mykje nedbør gav lågare kraftprisar

I starten av førre veke steg CO2-prisen frå eit nivå rundt 20 €/tonn til 25 €/tonn. Ikkje sidan 2008 har prisen på utsleppsrettar vore så høg, og det bidrog til at tyske kraftprisar auka i starten av veka. Samstundes bidrog mykje regn til at nordiske terminprisar på kraft fall. Forskjellen mellom europeiske og nordiske kraftprisar vart dermed større.

Gjennom veka gjekk CO2-prisen ned til under 20 €/tonn, noko som gjorde at tyske kraftprisar òg vart redusert. Samla var prisnedgangen på nordiske kraftprisar mellom 10 og 20 prosent, medan tyske terminprisar fall mellom 5 og 10 prosent samanlikna med veka før.

I Noreg har det vore små endringar i magasinfyllinga den siste tida, men i førre veke gjekk fyllingsgraden opp med 4 prosentpoeng. Mykje nedbør har gjort at det hydrologiske underskotet no er rundt 14 TWh, mot 27 TWh da det var som tørrast i sommar. 

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 her. (PDF)