Kraftsituasjonen veke 36, 2020 - NVE

Redusert overføringskapasitet mot Sverige

I førre veke auka kraftprisane i alle prisområdane i Noreg, og gjennomsnittleg kraftpris gjennom veka låg på 16 øre/kWh. I Nord-Noreg auka ikkje kraftprisen like mykje som i resten av landet samanlikna med veka før, og prisen der låg om lag 20 prosent under den gjennomsnittlege vekeprisen i Noreg førre veke.

Ein årsak til skilnaden i kraftpris var at tilgjengeleg overføringskapasitet frå Nord-Noreg til Nord-Sverige var på berre 28 prosent av installert kapasitet førre veke, grunna planlagt vedlikehald i nettet. Også eksportkapasiteten til Midt-Sverige vart ytterlegare redusert førre veke. Tilgjengeleg overføringskapasitet frå Norge til Sverige vart utnytta maksimalt heile veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2020 (PDF)