Kraftsituasjonen veke 34, 2020 - NVE

Høgare overføringskapasitet mellom prisområda i Noreg

Kraftprisen i alle prisområda i Noreg var i førre veke den høgaste på 12 veker. Gjennomsnittleg kraftpris i Noreg låg på 5 øre/kWh i veke 34, ei auke på 1,5 øre/kWh frå veka før. Kraftprisane er likevel enno særs låge for årstida.

Planlagt vedlikehald fleire stader  i kraftnettet har dei siste to vekene ført til redusert overføringskapasitet mellom prisområda i Noreg. På tysdag og onsdag førre veke var mykje av arbeida fullført, noko som opna opp for meir kraftflyt på tvers av prisområda. Som eit resultat auka kraftproduksjonen i Vest-Noreg samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2020 (PDF).