Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 18.08.2021

Kraftsituasjonen veke 32, 2021

Høge brenselprisar og svekka hydrologisk balanse trekk opp kraftprisane

Det hydrologiske underskotet i Noreg har auka dei siste vekene og låg 11,5 TWh under normal ved utgangen av veke 32. Saman med høge brenselkostnadar på kontinentet, bidreg dette til at dei norske kraftprisane no er høge i historisk samanheng.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) var på 71,5 øre/kWh i veke 32. Kraftprisen i Midt-Noreg (NO3) var 75 øre/kWh. Ein må tilbake til 2010 for å finne høgare vekepris. Planlagt vedlikehald bidrog til redusert eksportkapasitet ut av Nord-Noreg (NO4) og lågare kraftpris i dette område. Kraftprisen her var 31,8 øre/kWh sist veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2021 (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgiver Henriette Birkelund

Epost: henb@nve.no