Kraftsituasjonen veke 31, 2020 - NVE

Høg magasinfylling og mykje eksport

Grunna mykje nedbør og vedvarande snøsmelting er det for tida høg magasinfylling i store delar av landet. I Sør- og Aust-Noreg oversteig fyllingsgraden i veke 31 det høgaste nivået målt for denne veka sidan 2007.

Som i veka før, var det høg eksport av kraft ut frå Noreg i veke 31. Totalt var eksporten på 645 GWh (førebels tal), noko som utgjorde om lag 25 prosent av den totale produksjonen. Gjennom nesten heile førre veke var eksporten ut frå Noreg tilsvarande maksimal tilgjengeleg utvekslingskapasitet. Mykje vatn i magasina, og særs låg kraftpris her til lands samanlikna med sør i Sverige og nord på kontinentet, grunngav den høge eksporten. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2020 her.