Publisert 21.07.2021

Kraftsituasjonen veke 28, 2021

Høg vindkraftproduksjon i helgen

Førre veke heldt kraftprisen i Noreg seg relativ stabil fram mot helga, med unntak av Midt-Noreg som hadde ein meir vekslande kraftpris. I helga fall kraftprisen relativt mykje enkelte timar samanlikna med resten av veka. Nedgangen har mellom anna samanheng med helgas auke i vind- og solkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet. Auke i vind- og solkraftproduksjon resulterte i periodar med låge kraftprisar på store delar av kontinentet. Noreg importerte billeg kraft i same periode. Som et resultat av meir import vart Noregs kraftproduksjon redusert med 11 prosent samanlikna med veka før.

Midt- og Nord-Noreg fekk ikkje i same grad som resten av Norden dei særs låge kraftprisane enkelte timar på søndagen. Det er fleire avgrensingar på importkapasitet til Midt- og Nord-Noreg frå Nord-Sverige som medverka til dette. Avgrensingane heng saman med planlagt vedlikehald i det svenske nettet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 2021 (PDF).

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
E-post: laee@nve.no