Publisert 15.07.2020

Kraftsituasjonen veke 28, 2020

Negativ kraftpris i Noreg for første gong

Med ein kraftpris på -0,10 øre/kWh mellom 04:00-05:00 på måndag vart kraftprisen i Sør- og Aust-Noreg for første gong negativ. Ein viktig årsak er ein høg hydrologisk balanse i landet, i kombinasjon med ein relativt høg vindkraftproduksjon for årstida i nabolanda og på kontinentet. Midt- og Nord-Noreg opplevde ikkje negative straumprisar. Nokre av årsakene var redusert overføringskapasitet til Sverige som følgje av planlagde arbeider i Midskog transformatorstasjon i Sverige, samt meir plass i magasina i nord.

Resten av veka var det mykje eksport frå Noreg og Norden. Det var dobbelt så mye nettoeksport i veke 28 samanlikna med veka før. Overføringskapasiteten mellom Noreg og Danmark auka torsdag til 70 prosent av installert kapasitet.

Straumprisen i Midt-Noreg har dei siste vekene følgt prisen i Nord-Noreg tett, men i veke 28 sank den oftare ned til prisnivået i Sør-Noreg. Dette var blant anna grunna reduserte eksportmoglegheiter. Den gjennomsnittlege vekesprisen var på 3,0 øre/kWh i Nord-Noreg, 2,2 øre/kWh i Midt-Noreg og 1,5 øre/kWh i Sør- og Aust-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 her.

Kontaktpersonar

Avdelingsingeniør Martin Haug
E-post: mhau@nve.no

Fungerande seksjonssjef Lars Eirik Eilifsen
E-post: laee@nve.no