Publisert 01.07.2020

Kraftsituasjonen veke 26, 2020

Historisk låge prisar og ytterlegare redusert eksportkapasitet

Den norske kraftprisen sank ytterlegare førre veke og gjennomsnittsprisen for veka var på rekordlåge 1,8 øre/kWh. God hydrologisk balanse i store delar av landet og redusert eksportkapasitet bidrog til den låge prisen. På søndag opplevde Sør-Noreg for første gong ein døgnpris under 1 øre/kWh, i tillegg til ein historisk låg timepris på 0,3 øre/kWh mellom klokka 14 og 15. Svært låge prisar nord på kontinentet bidrog til den låge timeprisen.

I resten av Norden var kraftprisen klart høgare, med vekeprisar nærmare 50 øre/kWh i Finland og Sør-Sverige. Redusert overføringskapasitet frå Noreg og mellom Nord- og Sør Sverige, lite tilgjengeleg kjernekraftkapasitet i Sør-Sverige og periodar med låg vindkraftproduksjon i Norden bidrog til dei store prisforskjellane.

Det er enno vesentleg redusert utvekslingskapasitet på fleire av mellomlandsforbindingane frå Noreg. Skagerrak-kablane mellom Noreg og Danmark har hatt redusert kapasitet den siste tida, og i førre veke vart overføringskapasiteten ytterlegare redusert. Eksportkapasiteten frå Noreg mot Danmark er no på 330 MW, det vil si 20 prosent av full kapasitet. Kapasiteten er ikkje forventa å auke igjen før i midten av juli.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 her.

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness
E-post: sitj@nve.no

Seksjonssjef Sigrun Kavli Mindeberg
E-post: skmi@nve.no