Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 30.06.2021

Kraftsituasjonen veke 25, 2021

Framleis store prisskilnader i Noreg.

Låg vindkraftproduksjon og auka brenselskostnadar bidrog til at prisane i kraftmarknaden gjekk opp sist veke. Vindkraftproduksjonen i Norden låg på rundt 15 prosent av installert kapasitet. I Tyskland var kapasitetsnyttinga enda lågare.    

Det er framleis store skilnader i kraftprisen i ulike delar av Noreg. Prisskilnaden mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Nord-Noreg (NO4) gjekk opp sist veke, og var rundt 40 øre/kWh i snitt. Redusert overføringskapasitet ut av Nord-Noreg bidreg til lågare prisar i dette området. I Sør-Noreg er prisane meir eksponert mot utviklinga på kontinentet, noko som dei siste vekene har vore forsterka grunna redusert kapasitet i nettet mellom Sør-Sverige og Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 2021 (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgiver Henriette Birkelund

Epost: henb@nve.no