Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 17.06.2020

Kraftsituasjonen veke 24, 2020

Redusert utvekslingskapasitet bidrog til lågare nettoeksport frå Noreg

Gjennomsnittleg kraftpris i Noreg var 2,6 øre/kWh førre veke. Den låge kraftprisen heng saman med framleis god hydrologisk balanse og forventning om mykje tilsig til magasina framover. Låg vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar både i Sverige og på kontinentet bidrog til noko høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg tidleg i veka. Seinare i veka auka vindkraftproduksjonen og prisane sank. Gjennomsnittleg kraftpris for veka var 4,0 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg. I Sør- og Vest-Noreg held kraftprisen seg stabil gjennom veka med ein gjennomsnittleg kraftpris på 1,7 øre/kWh.

I tillegg til god hydrologisk balanse bidreg redusert utvekslingskapasitet til utlandet å halde kraftprisen i Noreg låg. Den reduserte kapasiteten på fleire overføringar mellom Noreg og utlandet er venta å halde fram. Som følgje av tidlegare feil på Skagerak-forbindelsen er utvekslingskapasiteten mellom Sør-Noreg og Danmark forventa å vere 40 prosent av installert kapasitet fram til september. Dei vedvarande låge prisane gjer at Svenska Kraftnät har redusert overføringskapasiteten på fleire overføringar i Sverige. Dette for å oppretthalde produksjonen av regulerbar kraftproduksjon i Midt- og Sør-Sverige og for å unngå overbelastning av enkelt overføringar mellom Nord- og Sør-Sverige. Tiltaka i Sverige gjer at utvekslingskapasiteten mellom Øst-Noreg og Sør-Sverige er forventa å vere redusert til 30 prosent av installert kapasitet fram til oktober.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no