Kraftsituasjonen veke 2, 2021 - NVE

Rekord i både produksjon og forbruk i Noreg

Temperaturane fortsette å falle i Noreg førre veke, noko som bidrog til ei auke i kraftforbruket samanlikna med veka før. Ein må tilbake til 2008 for å finne ei veke med høgare forbruk. Mellom kl. 8 og 9 fredag morgon hadde Noreg det høgaste kraftforbruket over ein time nokon gong. På laurdag mellom kl. 17 og 18 vart det også satt ny produksjonsrekord, med ein produksjon på 27,7 GWh. Total norsk kraftproduksjon var likevel lågare enn veka før og nettoeksporten fall.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Nord-Noreg auka med 50 prosent førre veke, til 43,4 øre/kWh, men prisen i nord var framleis lågare enn i resten av landet. Vedvarande avgrensingar i eksportkapasiteten ut av Nord-Noreg bidrog truleg til prisskilnaden. Kraftprisane i Sør-, Vest- og Aust-Noreg var i gjennomsnitt på 56 øre/kWh, og følgde i stor grad kraftprisane i nabolanda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2021 (PDF).