Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.05.2021

Kraftsituasjonen veke 19, 2021

Mildare vêr og snøsmelting

Aukande temperaturar førte til ein nedgang i kraftforbruket i Norden førre veke. Nedgangen i Noreg var på 9 prosent samanlikna med veka før. Samstundes skaut snøsmeltinga fart. Dette bidrog til at den norske kraftproduksjonen auka med 7 prosent.


Interne flaskehalsar i Norden bidrog til prisforskjellar mellom dei sørlege prisområda i Noreg, og dei andre prisområda i Norden. Den gjennomsnittlege kraftprisen i dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) var omlag 50 øre/kWh førre veke, medan prisen i dei nordlege prisområda (NO3 og NO4) var omlag 32 øre/kWh.


Kraftprisane på kontinentet auka førre veke samanlikna med veka før. Dette hadde si årsak i blant anna lite vindkraftproduksjon på kontinentet og ein stadig aukande CO2-kvotepris. Høgare prisar på kontinentet bidrog til høg nettoeksport av kraft frå Noreg og Sverige.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 her.

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Martin Haug

Epost: mhau@nve.no