Publisert 31.03.2021

Kraftsituasjonen veke 12, 2021

Mildare vêr og lågare kraftprisar  

Ein auke i temperaturane i store delar av landet og resten av Norden sist veke bidrog til at den nordiske kraftetterspurnaden vart redusert samanlikna med veka før. Lågare kraftbruk bidrog til lågare kraftprisar i Noreg. For dei nordlege prisområda vart den gjennomsnittlege kraftprisen redusert med 24 prosent til 21,7 øre/kWh, medan dei sørlege prisområda hadde ein mindre reduksjon og hadde ein gjennomsnittleg kraftpris på 40,4 øre/kWh gjennom veka.     

Norsk kraftproduksjon fall med 14 prosent og bidrog til ein nedgang i norsk eksport frå 316 GWh til 69 GWh førre veke. Likevel auka total eksportert kraft frå Norden samanlikna med veka før, mellom anna grunna ein auke i nordisk vindkraftproduksjon i kombinasjon med fallet i nordisk kraftetterspurnad. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2021 (PDF)

Kontaktperson

Frida Hugaas Aulie

E-post: frau@nve.no