Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 01.11.2019 , sist oppdatert 04.11.2019

NVE kallar inn Vinkelfallet kraftverk i Ringebu til konsesjonshandsaming

Det er omsynet til ein nasjonalt viktig bestand av storaure i elva Våla i Oppland som er årsaka til at NVE kallar inn kraftverket til konsesjonshandsaming etter vassressurslova.

Fleire interesseorganisasjonar har fremja krav om å kalle inn kraftverket, og Fylkesmannen i Innlandet har støtta opp om kravet. NVE har lagt til grunn at det her er snakk om særskilte miljøomsyn.

I ein ny konsesjon etter vassressurslova kan NVE setje vilkår som kan betre tilhøva for storauren i vassdraget. Gudbrandsdal Energi Produksjon AS skal sende inn ein konsesjonssøknad som inneheld forslag til løysingar for å ivareta storauren i Våla innan 6 månader etter at vedtaket er endeleg.

Les meir om Vinkelfallet kraftverk her.

Kontaktpersoner

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Saksbehandler Brit T. Haugen,
tlf.: 22 95 90 89