Publisert 18.12.2019 , sist oppdatert 19.12.2019

Ikkje løyve til Hofoss kraftverk i Hedmark

NVE avslår søknaden frå Hofoss kraftverk (SUS) om løyve til å byggje Hofoss kraftverk i Kongsvinger kommune. NVE meiner ei utbygging vil ha negative verknader for edelkreps, som er en svært sårbar art i Glommavassdraget.

NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket kan ha for bestanden av edelkreps i Skasåa.

Edelkreps er ein sterkt trua art, og det er gjort funn av arten på og nedanfor utbyggingsstrekninga. I Glommavassdraget er arten nær utrydda, og NVE meiner derfor at bestanden av edelkreps i Skasåa er spesielt sårbar, og risikoen for skade på edelkrepsbestanden i Skasåa er stor. NVE legg føre var-prinsippet til grunn i avslaget. Samtidig meiner vi at prosjektet bidrar til liten produksjon og har ein noko høg utbyggingspris, og derfor i mindre grad kan bære negative konsekvensar.

Hofoss kraftverk ville hatt ein årleg produksjon på 3,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 155 husstandar.

Kontaktinformasjon

Overingeniør Anne Johanne Rognstad
mob: 482 46 479,
e-post: ajr@nve.no