Avslag på utsett frist for idriftsetting for Innvordfjellet - NVE

NVE har i dag avslått søknaden frå Zephyr AS om utsett frist for idriftsetting på Innvordfjellet vindkraftverk.

Vindkraftverket er lokalisert i Flatanger og Namdalseid kommune i Trøndelag.

Zephyr søkte om utsett frist for idriftsetting for Innvordfjellet vindkraftverk frå 31.12.2020 til 31.12.2023. Zephyr AS grunngjev søknaden med blant anna at vilkår om hubroundersøking har gjort det praktisk umogleg å gjennomføra prosjektet innan noverande frist.

Stortingsvedtak

NVE meiner kravet om hubroundersøking, slik det er utforma i denne konkrete saka, er eit forhold som
er utanfor Zephyrs kontroll.

Usikkerheita knyta til om hubro hekkar i planområdet og kortare tid enn fem år på realisera vindkraftverket er argument som NVE meiner bør tilleggast vekt i vurderinga av søknaden om fristutsetting. Desse må likevel vurderast opp mot vårt brev av 27.11.2019 om å ikkje gi utsett frist for idriftsetting utover 31.12.2021.

NVE viser i denne samanheng også til Stortingets vedtak av 19.06.2020, der dei ber om at regjeringa ikkje gir utsett frist for idriftsetting utover 31.12 2021 for vindkraftverk på land som i dag har gyldig løyve. 

Vil du vita meir?

Les meir om konsesjonshandsaminga for Innvordfjellet vindkraftverk her.