Publisert 04.05.2023

NVE tilrår fornying av reguleringskonsesjonane i Flåmsvassdraget og løyve til vidare drift av Kjosfoss kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Bane NOR SF fornya konsesjon til regulering av Klevavatn, Seltuftvatn og Reinungavatn i Flåmsvassdraget og løyve til vidare drift av Kjosfoss kraftverk. Reguleringane og kraftverket ligg i Aurland kommune og Ulvik herad, Vestland fylke. NVE registrerer at Flåmsvassdraget har spesielt store miljøverdiar når det gjelder landskap, fisk og naturmangfald. Vassdraget er varig verna og har status som nasjonalt laksevassdrag.

Der er ikkje planlagt endringar i eksisterande reguleringar og kraftverksdrift eller nokon nye tiltak. Kjosfoss kraftverk produserer årleg 26,5 GWh fornybar kraft. Det eine aggregatet i kraftverket leverer straum til Flåmsbanen. I det gjeldande manøvreringsreglementet er det krav om slepp av vatn frå inntaksmagasinet eller frå Kjosfoss kraftverk på 700 l/s. Kravet vart opphaveleg satt av omsyn til den lakseførande strekninga nedanfor Leinafoss. Bestandstilstanden for laks i Flåmselvi er i dag karakterisert som svært dårleg. Rømt oppdrettsfisk og lakselus er truleg dei viktigaste påverknadene.

Høyringsinnspel

Høyringsinstansane er opptekne av mogelege verknader av reguleringa på laks- og sjøaurebestandene i Flåmselvi og påverknaden på Kjosfossen som er ein mykje besøkt turistattraksjon. Andre tilhøve som det vert peikt på, er konsekvensar for registrerte naturtypar og kulturminne, verknader på fiskebestandane i magasina og effekten av reguleringssonar på landskap og friluftsliv. Det vert stilt krav om nærare undersøkingar og avbøtande tiltak, t.d. slepp av minstevassføring i Kjosfossen og i elvane mellom magasina, og innføring av magasinrestriksjonar for å sikre tidleg oppfylling og høg vasstand i magasina om sommaren. Fleire meiner ein bør sjå nærare på bruken av magasina til flaumdemping.

NVEs vurdering

Ei fiskebiologisk undersøking i Flåmselvi sannsynleggjer at reguleringa ikkje påverkar laks- og sjøaure og næringsdyr i særleg stor grad. NVE foreslår at det noverande kravet om slepp av minstevassføring på 700 l/s i Flåmselvi vert ført vidare i nytt manøvreringsreglement. Vi meiner det ikkje er fagleg grunnlag for å pålegge auka minstevassføring på den lakseførande strekninga.

Det er normalt god vassføring i elvane mellom magasina og i Kjosfossen og høg vasstand i magasina om sommaren, men i periodar vil det likevel være mindre vatn og eksponerte reguleringssonar, spesielt i tørrår når det er lite tilsig. NVE har vurdert innkomne innspel om avbøtande tiltak som slepp av minstevassføringar i tillegg til kravet som gjeld i dag og restriksjonar på manøvreringa av magasina. Vi finn at tiltaka i ulik grad vil kunne påverke kraftproduksjon og flaumhandtering, og det kan verte naudsynt å prioritere mellom ønskje om høg vasstand i magasina eller slepp av minstevassføring nedstraums. Slepp av vatn frå inntaksmagasinet tilsvarande alminneleg lågvassføring eller Q95 (5-persentil) heile året vil gi eit produksjonstap i overkant av 3 GWh/år, som utgjer om lag 12 % av dagens produksjon i Kjosfoss kraftverk. NVE meiner nytten av tiltaka ikkje overstig ulempene og kostnadane og vil derfor ikkje anbefale at det blir sett krav om slike tiltak

NVE antar at reguleringa over lang tid kan ha påverka naturtypelokalitetane i Klevagjelet (kalkrike område i fjellet) og ved Kjosfossen (fossesprøytsone), og at artane på lokalitetane har tilpassa seg eit endra vassføringsregime. NVE kan ikkje sjå at reguleringa påverkar villrein og andre raudlisteartar i særleg grad. Det er heller ikkje registrert nokon utvalde naturtypar i reguleringsområdet.   

Ei vidareføring av reguleringane vil truleg ikkje ha nokon større påverknad på fiskebestandane i magasina som består av aure og røye, sidan reguleringshøgda er beskjeden og det normalt er høg vasstand i den biologisk aktive perioden.  

Sidan det ikkje er planlagt nokon endringar i kraftverksdrifta eller nye fysiske inngrep som kan få verknader ut over dei eksisterande, meiner NVE det er lite sannsynleg at ei vidareføring av dagens reguleringspraksis vil føre til auka samla belastning på naturmangfaldet.

Vilkår om automatisk freda kulturminne vil følgje ein eventuell konsesjon. Då dei opphavelege konsesjonane er frå før 1960, utløysast vilkår om betaling av sektoravgift for kulturminnevern i vassdrag.

NVE konkluderer med at verknadene av tiltaket på miljø og samfunn samla sett vil være relativt små og akseptable med dei vilkåra som er foreslått. Nye moderne konsesjonsvilkår vil dekke ein del av innspela og krava som har kome i høyringsprosessen og vil gje myndigheitene heimel til å pålegge ulike avbøtande tiltak ved behov, t.d. bygging av tersklar, habitatforbetringar og kompenserande tiltak for friluftsliv.

NVE har tidlegare vurdert bruk av magasina i Flåmsvassdraget til flaumdemping. Dei små magasina gjev avgrensa mogelegheit for demping av større skadeflaumar. Forsvarleg flaumhandtering følgjer av vassressurslova § 5 og er konsesjonæren sitt ansvar innafor manøvreringsreglementet. Kravet til forsvarleg flaumhandtering gjeld også for reguleringsanlegg i verna vassdrag.

Vidare sakshandsaming

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir fatta av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon).

Kontakt

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen
Tlf. 90 85 02 06

Avdelingsdirektør Inga Katrine Johansen Norberg
Tlf. 90 98 36 28