Betydeleg auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgrada i norske magasin 59,3 prosent.

Fyllingsgrada auka med 6,7 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 52,9 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 46,9 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 75,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 23, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.