Publisert 31.05.2023

Kraftsituasjonen veke 21, 2023

Mykje solkraft på kontinentet og vindkraft nord i Norden bidrog til låge prisar

Høg vindkraftproduksjon nord i Norden, kombinert med mykje snøsmelting, bidrog til ein forbetra ressurssituasjon i Midt- og Nord-Noreg førre veke. For fire veker sidan var fyllingsgraden i Midt-Noreg under historisk minimum, men etter å ha auka dei seinaste vekene på grunn av snøsmeltinga, er den no nærmare medianen.

Prisane gjekk ned i Noreg førre veke. Enkelte av dagane var det uvanleg låge prisar midt på dagen, og i nokre timar var prisane negative i alle prisområda. Mykje solkraftproduksjon på kontinentet bidrog til at mange land opplevde svært negative prisar, noko som igjen påverka prisane i Norden. Den gjennomsnittlege vekeprisen på Øst- og Vestlandet (NO1 og NO5) var på 61 øre/kWh, medan den var på 65 øre/kWh på Sør-Vestlandet (NO2).  Gjennomsnittsprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var på 3,9 øre/kWh, noko som er den lågaste prisen hittil i år.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21, 2023 (PDF)

Les meir om vassmagasinstatistikken her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Rapportering av kraftproduksjon kvar veke blei avslutta 14.4.2023, men i Kraftsituasjonen veke 15, 2023 blei det varsla at det vil bli publisert ein rapport til om regulerbar vasskraftproduksjon i sørlege Noreg før sommaren.

Kontaktperson

Jørgen Mathias Taraldsvik Nipen
Epost:jmtn@nve.no