Kraft frå land til Oseberg-feltet i Nordsjøen

Tiltakshaver
EQUINOR ASA
Sakstype(r)
Nett, Andre energianlegg
Saksnummer
201906411
Status
Søknad
Dato
12.06.2019
Fylke
Hordaland
Kommune
Øygarden

NVE har motteke søknad frå Equinor om ein nye straumkabel frå Kollsnes i Øygarden kommune til Oseberg-feltet i Nordsjøen. Søknaden er no på høyring, med frist for uttale 11. oktober 2019.

Equinor søker om konsesjon etter energilova for ein ny 300/110-132 kV transformatorstasjon, ein vekselstraumkabel for overføring av 105 MW kraft fra Kollsnes til grunnlinja, og vidare til Oseberg feltsenter og Oseberg sør etter havenergilova. Dei vil òg søke Olje- og energidepartementet om godkjenning av endra plan for utbygging og drift av Oseberg-feltet. 

Kraft frå land vil erstatte kraftforsyning med gassturbinar og dekke det aukande kraftforbruket på feltet.