IVAR IKS - Uttak av drikkevatn til 12 kommunar i Sør Rogaland

Registreringsnummer
7204
Saksnummer
201200282
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Drikkevann
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.08.2018
Tiltakshaver
IVAR IKS
Fylke
Rogaland
Kommune
Bjerkreim
Vassdragsområde
027.Z

NVE gjev IVAR IKS løyve til uttak av drikkevatn frå Birkelandsvatnet i Bjerkreim kommune. Det skal sikre tilstrekkelege mengder drikkevatn til Stavangerregionen med forventa folketalsauke til 500 000 personar fram mot 2050.

Ulike vasskjelder og løysingar er vurdert. To av desse er konsekvensutgreidd, alternativ 1 Birkelandsvatnet og alternativ 2 Store Myrvatn. IVAR søkjer berre om utbygging etter alternativ 1 Birkelandsvatnet. Alternativ 1 har betydeleg lågare utbyggingskostnad enn alternativ 2 og miljøverknadane er noko mindre pga. kortare vassveg og mindre inngrep. NVE gjev konsesjon etter alternativ 1 Birkelandsvatnet.

Løyvet gjeld eit vassuttak på inntil 2,5 m3/s frå Birkelandsvatnet. Uttaket frå Birkelandsvatnet er forventa å auke gradvis frå ca. 1,4 m3/s etter oppstart av anlegget, til opp mot eit maksimalt uttak på 2,5 m3/s i år 2050. For å sikre tilstrekkeleg drikkevatn og minstevassføring i tørre periodar, vil IVAR tappe vatn frå dei regulerte vatna Stølsvatn og Romsvatn til Birkelandsvatnet innanfor den konsesjon IVAR allereie har. Det skal byggast ca. 1 km ny anleggsveg, ca. 4,8 km ny råvasstunell og ein 0,8 km service- og tilkomsttunell med portalbygg. Sprengsteinmassar frå driving av tunellane er det planlagt å deponere lokalt.

Spørsmålet kring klausulering mot aktivitetar i nedbørfeltet har hatt stor merksemd lokalt. NVE legg vekt på at Mattilsynet som faginstans vurderer Birkelandsvatnet som ei svært sikker kjelde. Mattilsynet har godkjent Birkelandsvatnet som vasskjelde utan klausulering, og meiner at gjeldande lover og regelverk vil skjerme kjelda for uheldig påverknad og ureining i uoverskodeleg framtid. NVE legg difor til grunn for vår vurdering at tiltaket ikkje vil føre til auka restriksjonar eller vesentleg endring i arealbruken.

Bjerkreimsvassdraget er eit verna vassdrag og har status som nasjonalt laksevassdrag. NVE legg stor vekt på at dei viktigaste gyte- og oppvekstområda for laks og sjøaure framleis vil vere intakte og at uttak av vatn i liten grad vil påverke vassføringa nedover i vassdraget. Det er sett krav om slepp av 2,5 m3/s minstevassføring frå Birkelandsvatnet. NVE vurderer at tiltaket vil ha avgrensa verknader for fisk og ferskvassbiologi. NVE legg vidare vekt på at tiltaket i liten grad påverkar allmenne interesser og verdiar som ligg til grunn for vern av vassdraget.

Etter ei heilskapleg vurdering av planane og dei innkomne uttalane meiner NVE at fordelane av det omsøkte tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av drikkevatn frå Birkelandsvatnet på nærare fastsette vilkår. 

Aktuelle dokument i saka kan lastast ned i filoversikta til høgre.