Leknesvatn kraftverk

Registreringsnummer
6100
Saksnummer
201002803
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
06.07.2013
Tiltakshaver
SOGN OG FJORDANE ENERGI AS
Fylke
Vestland
Kommune
Askvoll
Vassdragsområde
084.5Z
Søkt produksjon
12,30 GWh

NVE gjev Sogn og Fjordane Energi AS løyve til å bygge Leknesvatn kraftverk i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 12,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 620 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 3,76 MW og vil nytte ei fallhøgd på 253,5 m i Botnaelva/Fesseelva mellom kote 420,5 og kote 167. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til påslag for tunnel kote 290. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgraven i grøft. Inntaket vert bygd veglaust. Det vert bygd veg fram til påslag for tunnel, vegen skal tilbakeførast til køyresterkt terreng.

NVE meiner at redusert vassføring i øvre del av tiltaksområdet, og naturinngrep ved etablering av veg og røyrgate, er dei største ulempene ved prosjektet. Av dei ulike utbyggingsalternativa som er lagt fram meiner NVE at alternativet med inntak ovanfor Ertefossen samla sett vil vere det beste alternativet med tanke på mest mogleg produksjon og minst mogleg konflikt knytt til landskap og friluftsliv. Dette alternativet vil gje noko mindre produksjon enn alternativ med inntak i Nedre Leknesvatnet, men NVE vurderer at fordelane for allmenne interesser knytt til landskap og friluftsliv er større enn ulempe knytt til tapt produksjon. Redusert vassføring i Ertefossen kan avbøtast på ved å sette ei større minstevassføring i sommarsesongen enn kva som var omsøkt. Av omsyn til landskap og naturmiljø er det difor gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring i Botnaelva/Fesseelva på 100 l/s om sommaren og 25 l/s om vinteren. Samla sett meiner NVE at det er fleire fordelar enn ulemper ved ei slik utbygging, og at dette alternativet gir ei betre utnytting av eit allereie regulert vassdrag. Med god detaljplanlegging og oppfølging i anleggstida vil det etter vårt syn vere mogleg å tilpasse anlegget til terrenget på ein god måte.