Ramsliåna kraftverk

Registreringsnummer
3129
Saksnummer
200706206
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.02.2010
Tiltakshaver
Ramsliåna Kraftverk AS
Fylke
Agder
Kommune
Flekkefjord
Vassdragsområde
026.D2
Søkt produksjon
5,23 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 18.02.2020

 

NVE gjev Ramsliåna kraftverk AS løyve til å bygge Ramsliåna kraftverk i Flekkefjord kommune i Vest-Agder fylke. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Ramsliåna kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Ramsliåna kraftverk i Ramsliåna i Flekkefjord kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,6 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 5 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 200 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1000 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel frå inntak til kraftstasjonen.

NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei almenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til å bygge Ramsliåna kraftverk på fastsette vilkår.