Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Kvanndalselva kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
8418
Saksnummer
201911530
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
23.11.2022
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Vestland
Kommune
Bjørnafjorden
Vassdragsområde
055.2B
Søkt produksjon
16,80 GWh

Avslag til Kvanndalselva kraftverk i Bjørnafjorden

Etter NVE sitt syn vil ei utbygging av Kvanndalselva føre til ei så stor samla belastning på vassdraget, at konsesjon ikkje kan gjevast. NVE gjev derfor Sunnhordland Kraftlag AS avslag på søknaden om utbygginga i Bjørnafjorden kommune.

Sunnhordland kraftlag AS har søkt om løyve til å byggje Kvanndalselva kraftverk og utnytte fallet i Kvanndalselva til kraftproduksjon. Kvanndalselva ligg i Bjørnafjorden kommune og har eit fall på 254 meter. Kraftverket ville gje ein årleg produksjon på om lag 16 GWh. Dette svarar til om lag 800 husstandar.

Får avslag på grunn av samla belastning og inngrep i myr

Kvanndalselva er allereie ei regulert elv etter utbygginga av Eikelandsosen kraftverk på 1980-talet. Da blei om lag 75 % av vatnet i Kvanndalselva tatt ut av Kvanndalselva. Ei utbygging av Kvanndalselva kraftverk ville resultert i eit samla uttak på 97% av vatnet i Kvanndalselva. Det er og søkt om å regulere Holdhustjørna. NVE meiner dette vil føre til erosjon (utvasking av jord) og negativ påverknad på myrområda rundt vatnet.

NVE meiner samla at et uttak på 97% av vatnet i elva, saman med inngrep i myrområda rundt Holdhustjørna vil gi ei for stor samla belastning på vassdraget. Sunnhordland kraftverk får difor ikkje løyve til å byggje Kvanndalselva kraftverk.