Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Kjørstad kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
5240
Saksnummer
200708169
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
10.03.2015
Tiltakshaver
KJØRSTAD KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Stad
Vassdragsområde
089.4Z
Søkt produksjon
8,04 GWh

NVE har gjeve Kjørstad Kraft AS løyve til bygging av Kjørstad kraftverk i Eid kommune, Sogn og Fjordane. Det er gjeve nytt løyve 20.3.2015, etter som byggefristen frå løyve av 19.8.2009 var utløpt før bygging av kraftverket starta opp.
Kraftverket vil nytte eit fall på 210 meter i Kjørstadelva og gje ein årleg produksjon på om lag 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.

Kjørstadelva er ei rask strømmande elv som renn ut i Hjalma rett nedanfor Espe i Hjelmelandsdalen.
Elva er dypt nedskåren i terrenget, og det er ikkje knytt store allmenne interesser til elva.
Det er ikkje funne omsynskrevjande naturtypar i tiltaksområdet og potensialet for anadrom fisk i elva er lågt.

NVE vurderer at Kjørstad kraftverk ikkje påverkar naturverdiane nemneverdig ettersom fråføring av vatn og andre inngrep fører til små verknader for naturmiljø, landskap og kulturminnar.
For å oppretthalde livet i elva og ivareta andre allmenne interesser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i perioden 1. mai-30. september og 30 l/s resten av året.

Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.