Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Tokke-Vinjevassdraget - krav om revisjon av vilkår etter 50 år

  1. Ikke fullført Under behandling
  2. Ikke fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
4740
Saksnummer
200703195
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
NVEs innstilling til OED (positiv)
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Vestfold og Telemark
Kommune
Tokke, Vinje
Vassdragsområde
016.BEZ

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS nye moderne konsesjonsvilkår for reguleringane i Tokke-Vinjevassdraget. 

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida.

Av omsyn til storauren i Tokkeåi tilrår NVE bygging av fiskepassasje i Helvetesfossen og slepp av  minstevassføring heile året frå Vinjevatn til Tokkeåi. NVE tilrår også minstevassføring frå Byrtevatn til Mosåi/Rukkeåi i sumarperioden. Auka vassføring vil ha nytteverdi for fleire viktige miljøverdiar og brukarinteresser i vassdraga.

I dei nedre delane av Tokkeåi, tilrår NVE montering av ein omløpsventil i Lio kraftverk og at Statkraft sin frivillige praksis for sakte nedkjøyring av kraftverket blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Vidare føreslår NVE reglar for vassføringar i Tokkeåi målt ved Elvarheim. Tiltaka vil redusere risikoen for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde og stranding av fisk i elva nedstraums Helvetesfossen.  

NVE foreslår at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for biotoptiltak med prioriteringar av vassdragsavsnitt i Tokke-Vinjevassdraget, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar.

NVE rår til at gjeldande gjeldande restriksjonar på manøvreringa av Totak og Byrtevatn vert vidareført i nytt manøvreringsreglement, og at dei frivillige restriksjonane som Statkraft i dag praktiserer i Totak og Ståvatn blir formalisert. NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa i et fleirtal av magasina av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. NVE vil derfor ikkje tilrå innføring av restriksjonar i andre magasin.

For fleire av vassdragsområda og magasina som blir påverka av reguleringane er det vanskeleg å finne gode avbøtande tiltak. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 200 000 kr årleg til eit fond, som skal brukast til å fremme fisk, vilt og friluftsliv i kommunane.