Publisert 11.06.2015 , sist oppdatert 17.04.2023

Snøkart på SeNorge.no

I samarbeid med MET og Kartverket, lager NVE kart som viser det daglege snøtilhøve for kvar kvadratkilometer av Noreg. Karta finn du på senorge.no og xgeo.no.  

Snøkarta på senorge.no viser simulert snømengde for kvar dag og kvar kvadratkilometer i hele Noreg. Karta viser blant anna snømengde per døgn, per månad, per år, for klimaperioder og klimaframskrivningar. Snømengda vises på mange fleire måter, blant anna som dagens snømengde i mm vassekvivalent, i cm snødjup, prosent av normalen eller som nysnø sist døgn og endring i løpet av dei siste sju dagane. Karta er zoombare og det er mogeleg å sjå snøtilhøvet for kvar einaste dag tilbake til 1957 og ni dagar fram i tid.

senorge.no og xgeo.no finn du også kart som viser nedbør, temperatur, avrenning og klima.

Snøkarta vert produserte på bakgrunn av nedbør- og temperaturdata frå det nasjonale observasjonsnettet til MET. Observasjonane vert interpolerte og høgdekorrigerte ved hjelp av ein terrengmodell, til gridruter med ein kilometers oppløysing. Deretter vert det rekna ut snømengde, snøsmelting og kor fuktig snøen er for kvar av gridrutene. På bakgrunn av disse utrekningane regnar vi også ut kor mykje nysnø det har kome. Meir informasjon om interpoleringsrutinane for nedbør og temperatur finner du her. , mens du kan lese meir om sjølve snømodellen her

Senorge.no er òg kopla opp mot MET og NVE sine databasar, slik at du kan få opp tidsseriar for målestasjonane både til MET og NVE. Då har du mogelegheit til å samanlikne observert snødjup (frå met.no) med snødjupdekarta på senorge.no, samanlikne nedbør og temperatur (frå met.no) med nedbør- og temperaturkarta eller få opp data frå vassføringsstasjonane til NVE.

Xgeo.no er på mange måtar ein "ekspertugåve" av senorge.no og nyttas av både dei beredskapsansvarlege i mange etatar og varslingstenesta for dei ulike naturfarene.