Publisert 11.06.2015 , sist oppdatert 15.06.2021

Filefjell Snøforskningsstasjon

På Filefjell er det ein lang tradisjon for snøforsking - allereie i 1967 ble den første snøputa satt ut. Staden var sentral for målingar under den hydrologiske dekaden (1960-1970). Hausten 2009 starta vi instrumenteringa av eit nytt snøforskningsfelt på Filefjell.

På Filefjell Snøforskningsstasjon (Kyrkjestølane) vert det målt snødjup og snøens vassekvivalent med mange ulike målemetodar. Kvart år er det i gjennomsnitt 300-400 mm snø (målt i vassekvivalent) på snøstasjonen på Filefjell, og snøsesongen varer frå slutten av oktober til juni. I utgangspunktet er ikkje 300-400 mm snø så mykje, men stasjonen ligg strategisk plassert på vêrskillet mellom aust- og vestlandet, slik at vi kan sjå korleis ulikt vær og vind påverkar snømålingane våre. I tillegg til å forske på ulike målemetodar, ynskjer vi også kunne måle på småskalavariabilitet i vassekvivalent og å bruke stasjonen til validering av snømodellar. 

På Filefjell er det ein lang tradisjon for å måle snø. Under den internasjonale hydrologiske dekaden (1965-1974) vart Filefjell valt ut som eit av tre representative område i Noreg. I perioden 1967-1974 hadde forskningsfeltet eit omfattande måleprogram for validering av utrekningar for vassbalanse. Hausten 2009 ble stasjonen på Filefjell kraftig oppgradert – frå å kun måle vassekvivalent (SWE) med ei snøpute, grunnvasssnivå, vind, lufttemperatur og nedbør i 2008, til i dag å ha totalt 99 parameter. Meteorologisk institutt (met.no) har også etablert ein automatisk vêrstasjon som måler nedbør, temperatur, luftfuktighet, vindhastighet og snødjup ved Kyrkjestølane.

Vi har òg ein forskningsstasjon på Anestølen i Sogn og ein på Svarttjørnbekken utanfor Trondheim. 

Alle NVEs data er offentlege. Å gjere analyser på data frå Filefjell er mogeleg, og dersom du er interessert i data frå stasjonen er det bare å ta kontakt med oss. Snødata kan du òg hente frå www.senorge.no ved å huke av på "stasjonar", "snøens vassekvivalent" og deretter trykke på stasjonen du er interessert i data frå. 

 

 

 

Fakta

Med snøforskningsstasjonen på Filefjell ønskjer vi blant anna å finne ut av korleis ein betre kan måle vassekvivalent med automatisk måleutstyr, korleis snøsmelting kan modellerast og korleis klima- og grunnvassdata kan brukes  til klimaforskning, skredvarsling og analyse av kraftsituasjonen.