Rembesdalskåka - NVE

Rembesdalskåka 26. september 2013. Foto Hallgeir Elvehøy

           

Rembesdalskåka er ein sør-vestleg utløpar frå Hardangerjøkulen (61º30'N, 7º30'E), Norges 6. største isbre (73 km²). Det vart sett igang massebalansemålingar på Rembesdalskåka i 1963. Frontposisjonendringar har vore målt i periodar sidan 1917. På Midtdalsbreen, ein nordleg utløpar frå Hardangerjøkulen, er det målt frontposisjonendringar sidan 1982.

Massebalanse
Massebalansemålingane på Rembesdalskåka vart igangsett av Norsk Polarinstitutt i 1963. Sidan 1985 har målingane vore gjort av NVE på oppdrag for Statkraft Energi AS som ein del av dei hydrologiske målingane konsesjonspålagt Sima Kraftverk i Eidfjord. Sima Kraftverk utnyttar avrenninga frå aust-, sør- og vestsida av Hardangerjøkulen (omlag 53 km2).  Midlare vinterbalanse på Rembesdalskåka er ca. 2,1 m vassekvivalentar, medan midlare sommarbalanse er ca. 2,1 m vassekvivalentar. I eit normalår kjem det om lag 5 m snø oppe på breplatået i løpet av vinteren.

Frontposisjonendring
Under den vesla istida (på 1700-talet) var Rembesdalskåka om lag 2 km lengre enn i dag, og dekte halve Rembesdalsvatnet. John B. Rekstad ved Bergen Museum starta frontmålingar i 1917 då brefronten stod om lag ved bredden av Rembesdalsvatnet. Breen hadde eit lite framstøyt rundt 1930, men smelta tilbake om lag ein kilometer fram til midten av 1980-talet. Breen  hadde eit framstøyt på 1980- og 90-talet som kulminerte rundt 1997. Etter 1999 har brefronten trekt seg tilbake.

Midtdalsbreen er ein nordleg utløpar frå Hardangerjøkulen som drenerer mot Finse og Hallingdalsvassdraget. Frontposisjonmålingar vart igangsett i 1982 av professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen. Midtdalsbreen hadde også eit lite framstøyt på 1990-talet.

Jøkullaup frå Demmevatnet
Demmevatnet vert demt opp av brearma Rembedalskåka. Den einaste naturleg dreneringsvegen er over eller under breen. Det var voldsame flaumar i Simadalen som følgje av jøkullaup frå Demmevatnet i 1813, 1861, 1893, 1937 og 1938. Disse store flaumane der vatnet tømte seg gjennom ein tunnel langs botn av breen varte inntil eit døgn. Før 1899 vart det også observert mindre flaumar som varte om lag 3 veker i august. Då hadde Demmevatnet steget så mykje at  vatnet byrja å renne over breen og smelta seg ein kanal ned til botn. For å få slutt på flaumane frå Demmevatnet vart det bygd omløpstunnelar som ga Demmevatnet ei permanent drenering. Den første vart bygd etter flaumen i 1893, og senka vasstanden 20 meter. Jøkullaupa i 1937 og 1938 kom som ein følgje av at breen hadde vorte mykje tynnare. Ein ny omløpstunnel var ferdig i 1938, og senka vasstanden om lag 45 meter til den høgda vatnet har i dag. I samband med bygginga av Sima Kraftverk er Demmevatnet no overført til Langavatnet lengre vest (Elvehøy mfl. 2002). I 2014 kom eit nytt jøkullaup frå Demmevatnet som følgje av at breen har minka, og sidan 2016 har det vore årlege tømmingar av vatnet. 

Publikasjonar

Rapportserien 'Glaciological investigations in Norway' (Glasiologiske undersøkelser i Norge)

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen. 2002. Using aerial photography to study glacier changes in Norway. Annals of Glaciology 34, p 343-347.

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R.V. Engeset. 2016. Reanalysis of long-term series of glaciological and geodetic mass balance for 10 Norwegian glaciers. The Cryosphere, 10, 535-552, doi:10.5194/tc-10-535-2016. (pdf)

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R.V. Engeset, N. Haakensen. 2005. Glacier mass balance and length variation in Norway. Annals of Glaciology, 42, 317-325.

Breili, K. C. Rolstad. 2009. Ground-based gravimetry for measuring small spatial-scale mass changes on glaciers. Annals of  Glaciology, 50, 141-147.

Elvehøy, H. 1998. Samanlikning av massebalanse på Hardangerjøkulen og Folgefonna. NVE Dokument  5-1998, 26 p.

Elvehøy, H., J. Kohler, R.V. Engeset, L.M. Andreassen. 1997. Jøkullaup frå Demnevatn. NVE Rapport  17-1997, 36 p.

Elvehøy H., R.V. Engeset, L.M. Andreassen, J. Kohler, Y. Gjessing, H. Björnson. 2002. Assesment of possible jökulhlaups from Lake Demmevatnet in Norway. IAHS Publ. No 271, 31-36.

Giesen, R.H., L.M. Andreassen, M.R. van den Broeke, J. Oerlemans. 2008. Comparison of the meteorology and surface energy balance at Storbreen and Midtdalsbreen, two glaciers in southern Norway. The Cryosphere - TCD, 2, 873-916.

Fægri, K. 1940. Forandringer ved norske breer 1937-39. Bergen Museums Årbok 1939-40. Naturvidenskapelig rekke. Nr 3.

Liestøl, O. 1956. Glacier dammed lakes in Norway. Norsk Geografisk Tidsskrift, 15(3-4), 122-149.

Rosendahl, H. 1938. Rembesdalskåki og Demmevatn på Hardangerjøkulen. Naturen, 62. årgang, 1-18.

Weber, P., C.M. Boston, H. Lowell, L.M. Andreassen. 2019. Evolution of the Norwegian plateau
icefield Hardangerjøkulen since the ‘Little Ice Age’. The Holocene, 1-21, doi/10.1177/0959683619865601. (pdf)