Flaumsonekart er faresonekart for flaum. Dei vise kva område som blir overfløymd ved flaumer med ulik gjentaksintervall. Oversikt over kartlagde vassdragsstrekningar finn ein i NVE sine karttenester og i faresonekartoversikten for dei enkelte kommunane.

Endring i kartlegging og bruk av flaumsoner etter lansering av Kartverket si kartteneste Se havnivå i kart. Oppdatert data for stormflod (ekstrem vasstand frå havet) finnast i Kartverket si portal Se havnivå og kart som vise overfløyming finnast i karttenesta Se havnivå i kart. Korleis ta omsyn til dette ved bruk av flaumsonekart som har utløp i sjø?

  • I eldre flaumsonekart er overfløyming som følgje av stormflod inkludert i flaumsonen. Ved bruk av flaumsonane i elvas utløpsområde, må ein difor bruke Kartverket si oppdatert data for stormflod.
  • I nye flaumsonekart som er laga etter 2018, er overfløyming som følgje av stormflod ikkje inkludert i flaumsonen. Ved bruk av disse flaumsonane må ein nytte den vasstanden som er høgast av flaum i elva eller stormflod, og nytte den sona som giv størst overfløyming av flaum i elva og stormflod.

Kartlegging av flaumsoner Grunnlaget for flaumsonekarta er ei statistisk analyse av historiske flaumar, elva si topografi og hydraulisk modellering som bereknar vasstandar ved ulike flaumstorleikar. Ut frå dei berekna vasstandane, finn ein vassdekt areal ut frå ein kartanalyse. Det er primært overfløymd areal som følgje av naturleg høg vassføring som kartleggast. Vasstanden i flaumsona er enten presentert i tverrprofila eller som vasstandskota. Mellom tverrprofila eller kota bli vasstanden rekna for å variere lineært og kan finnast ved interpolasjon.

Klimatilpassing av flaumsoner I flaumsonekart som er utarbeidd etter 2012, finnast òg ein flaumsone for 200-årsflaumen i år 2100. Dette gjeld kun i vassdrag der klimaframskrivingar gir ein forventa auke i vassføringa på meir enn 20 % dei neste 20-100 år. Oversikt over flaumsonekart som ein anbefale å auke vassføringa pga. klimaendringar er vist i Vedlegg B.