Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 07.12.2020 , sist oppdatert 03.01.2022

Veiledning til kraftberedskapsforskriften

Veiledning til kraftberedskapsforskriften forklarer meir detaljert kven som er omfatta av kraftberedskapsforskrifta, og gjev råd om korleis ein kan etterleve krava. Denne rettleiaren erstattar rettleiinga frå 2020, og inneheld også ei engelsk omsetjing av forskrifta.

Veiledning til kraftberedskapsforskriften er bygd opp slik: 

Rettleiaren er inndelt i same kapittel som forskrifta. Kvart underkapittel viser først forskriftskravet, deretter ordforklaring og anonymiserte eksempel som byggjer på spørsmål frå bransjen som NVE har svart på tidlegare. Til sist viser rettleiaren til aktuelle kjelder, som eksempelvis standardar, malar, temarettleiingar publisert av NVE og andre, og krysskopling til andre paragrafar og regelverk.

Ved å krysskople til andre krav, vonar vi at det vert lettare å sjå krava i samanheng. Dette er også slik forskrifta er bygd opp - ein kan ikkje lese eit krav isolert sett, men må sjå dei ulike krava i samanheng.

Rettleiaren inneheld også ei samla fil for alle kapittel (inkludert endringslogg), eigna for utskrift, og ei engelsk omsetjing av kraftberedskapsforskrifta.

Vi gjer lesaren merksam på at dersom det er motstrid mellom NVE si tolking av kravet og informasjon i andre tilviste kjelder,  er det NVE si tolking  som har forrang.

Bruk av symbol i rettleiinga er forklart i figuren til høgre.

Forklaring til symbolbruk i teksten: 

Bruk Av Symbol I Kbf