Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.10.2022

Vassmagasinstatistikk veke 42 2022

Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 75,4 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,0 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,2 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 87,1 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 64,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 42, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.