Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.10.2021 , sist oppdatert 27.10.2021

Vassmagasinstatistikk veke 42 2021

Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgrada i norske magasin 68,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 82,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 82,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 57,6 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 42, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.