Vassmagasinstatistikk veke 42 2020 - NVE

Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i norske magasin 93,4 prosent.

Det er same nivå som den høgaste fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,5 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Aust-Noreg (område 1) med 97,0 prosent. Nord-Noreg (område 4) og Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 92,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 42, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.