Vassmagasinstatistikk veke 41 2020 - NVE

Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgraden i norske magasin 95,0 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,5 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Aust- Noreg (område 1) med 98,7 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 92,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 41, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.