Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 21.09.2021 , sist oppdatert 22.09.2021

Vassmagasinstatistikk veke 37 2021

Framleis tapping av magasina. Ved utgangen av veke 37 var fyllingsgrada i norske magasin 63,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 83,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 81,1 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 53,2 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.