Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 01.09.2021

Vassmagasinstatistikk veke 34 2021

Noko meir tapping av magasina enn veka før. Ved utgangen av veke 34 var fyllingsgrada i norske magasin 66,8 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,9 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 81,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 79,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 59,3 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 34, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.