Vassmagasinstatistikk veke 31 2020 - NVE

Større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i norske magasin 89,5 prosent.

Magasinfyllinga auka med 3,6 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 77,7 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 80,1 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 94,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 31, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.