Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 13.07.2022

Vassmagasinstatistikk veke 27 2022

Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgrada i norske magasin 62,2 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 70,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,8 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 86,3 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 47,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 27, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.