Vassmagasinstatistikk veke 13 2021 - NVE

Auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgrada i norske magasin 45,9 prosent.

Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,5 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 36,3 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 56,8 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 22,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 13, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.