Vassmagasinstatistikk veke 12 2021 - NVE

Mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 12 var fyllingsgraden i norske magasin 45,5 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,7 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 38,6 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 54,7 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 23,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 12, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.