Vassmagasinstatistikk veke 12 2020 - NVE

Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 12 var fyllinga i norske magasin på 45,5 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 2,3 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 38,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 29,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 57,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 12, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.