Omtrent same nedtapping av magasina som veka før.

Ved utgangen av veke 12 var fyllingsgraden i norske magasin 32,4 prosent. Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,0 prosentpoeng, mot 3,2 prosentpoeng veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 40,7 prosent, og minimumsverdien 19,8 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 40,0 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 29,6 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 29,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 12 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.