Kraftsituasjonen veke 7, 2024
Mildare vêr og lågare kraftprisar
Mildt vêr i førre veke bidrog til lågare forbruk i store delar av Norden. Kraftproduksjonen heldt seg på tilnærma same nivå som veka før og bidrog til auka nettoeksport frå Norden. Det var nedgang i kraftprisane i heile Norden. Nedgangen var størst i dei områda med høgast vindkraftproduksjon; dei nordlege delane av Sverige og Noreg, og i Finland. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen på høvesvis 55 og 50 øre/kWh.
Prisnedgangen sør i Norden og på kontinentet var ikkje like stor som i nord. Ein av grunnane var lågare vindkraftproduksjon i desse områdane, enn veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på 72 øre/kWh, som var på nivå med kontinentet.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2024.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.