Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.10.2022 , sist oppdatert 27.10.2022

Kraftsituasjonen veke 42, 2022

Låg produksjon for årstida og nettoimport til sørlege Noreg

Kaldare vêr bidrog til ein auke i kraftforbruket i Noreg førre veke. Trass høgare forbruk fall kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), og delar av forbruket vart dekka av import frå utlandet. Sørlege Noreg var nettoimportør førre veke og kunne over store deler av veka importere rimelegare straum frå andre land. Kraftproduksjonen i sørlege Noreg er framleis låg for årstida.

Meir vindkraft og lågare gasspris bidrog til lågare kraftprisar på kontinentet i veka som gjekk. Dette førte til eit fall i prisane i sørlege Noreg. Vekeprisen i dei sørlege områda enda på 145 øre/kWh, medan vekeprisane i Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) auka frå veka før og enda på høvesvis 47 og 19 øre/kWh. Mindre vindkraft og ein auke i kraftforbruket i dei nordlege områda bidrog til prisauken.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 42 2022 her. 

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 75,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,0 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,2 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 87,1 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 64,3 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no